Gled deg til ny Jølster Aurefest i 2020.

Torsdag 11. – laurdag 13.juni er datoane du må halde av.
Allereie 1.november 2019 opnar vi påmeldinga til neste års fest.

I 2019 utvida vi festen til å innehalde to heile nye fiskedagar, med konkurransar og gode premiar.
Dette held vi fram med i 2020. Sjå på menyknapp program, der ligg førebels programmet for 2019, men malen for 2020 vil vere svært lik.
Hovudkonkurransen på laurdag, med ein bil som hovudpremie held også fram som før.