flytegarnsfisket startar den 10. august

Eviny ved Sissel Mykletun har gjeve Rådgivende Biologer i oppdrag å gjennomføre prøvefiske i Kjøsnesfjorden og Jølstravatnet i 2022 for å oppdatere status for aurebestandane i vatnet og potensiell påverknad av Eviny sine reguleringar i denne delen av vassdraget. Planen er difor å fiske ved Årneset frå 8.-9. august og i Kjøsnesfjorden ein gong mellom 20. og 30. august.

Sidan 2019 har det også blitt gjennomført tynning av aurebestanden i Kjøsnesfjorden og effektane av dette tiltaket er vesentleg for å vurdere status for bestanden.  

Vi gjennomførte undersøkingar for fem år sidan (2017, sjå vedlagte rapport) og undersøkingane i 2022 vil følgje same oppsettet, med unntak av at det ikkje vart gjennomført prøvefiske om våren som i 2017.

Det vil bli brukt både flytegarn og botngarn ved prøvefisket, og i Jølstravatnet vil det bli fiska før det ordinære flytegarnsfisket startar den 10. august.

I tillegg til prøvefisket vil det bli teke planktonprøvar og prøver av fisk som blir fanga under det ordinære fisket etter avtale med nokre som fiskar.