årsmøta utsett

Til styra i Jølster jakt og fiskelag, fellesstyret

Eg har ikkje fått nokon motforestillingar frå styremedlemmane mot at årsmøta som var planlagt 23.03 vert utsett på ubestemt tid. 

Ser ikkje heilt korleis vi skal kunne halde årsmøte digitalt så det er nok berre å vente til at verden normaliserer seg.  Alle ser og ut til å vere einig i at fiske/ jaktkortpriser og reglar vert uendra frå 2019 i heile 2020.  Dei valgte styra held sjølvsagt fram til det vert mogeleg å halde årsmøte.

Håper alle har det bra og at vi hjelper kvarandre i ein krevjande situasjon for landet.